FRI FRAKT OVER 799,- I NORGE

KORTBETALING ELLER PAYPAL

SIKKER BETALING

NORDISK ULL

Om oss

Ein frisk sumardag i 2017 i Sykkylven på vakre Sunnmøre, blei Drople Design oppretta av designer Anne L.T. Thunem. Eventyret starta med dei to strikkeoppskriftene "Tjukklua" & Tjukkvottar". Firmaet blei etterkvart utvida til å bli ein garnbutikk med eigne strikkeoppskrifter, garnpakkar i norsk ullgarn, tøynett med sjølvproduserte grafiske trykk, og anna strikketilbehør.

 

Namnet "Drople" er eit anna ord for "spetter i dyrepels", noko som gjenspeiler dei fleste garntypane vi fører og lagar design av. Melerte og rustike garn gir nettopp det litt røffe uttrykket vi er ute etter, som passar utmerkt til det nordiske klimaet. 

 

I starten av 2018 tok Drople Design steget vidare, og opna ei garnavdeling med nordisk ullgarn. Målet er å kunne tilby lekre og "ullete" ullgarn, der prosentandelen nordisk fiber er klart størst! Vi tilbyr enkle og tidlause strikkeoppskrifter, strikketilbehør, garn & garnpakkar i 100% norsk ull frå store og små garnprodusentar som Lofoten Wool, Leine Merino & Hillesvåg Ullvarefabrikk, samt nordisk ullgarn frå Island & Færøyane.